Vedtekter

VEDTEKTER FOR REPPEN BARNEHAGE AS

§ 1 EIGAR

Reppen barnehage AS er ein privateigd barnehage for barn i alderen 1-6 år. Eigar av barnehagen er Mallika Håland. Adresse: Pb 33, 5291 Valestrandsfossen. Reppen barnehage AS er registrert i Føretaksregisteret med organisasjonsnummer 912115666. Når ein takkar ja til barnehageplass i Reppen barnehage AS har ein også godkjent barnehagen sine vedtekter.

§ 2 LOVVERK OG FØREMÅL

Barnehagen blir driven i samsvar med Lov om barnehagar, gjeldande forskrifter og retningsliner, barnehagen sine eigne planar og vedtekter.

Barnehageloven § 1: ”Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg, lek, og fremme danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.”

§ 3 SAMARBEIDSUTVAL (SU)

Barnehagen skal ha eit samarbeidsutval. Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgivande og kontaktskapande organ (jf. Barnehagelova §4)

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i saker som er viktig for barnehagen si verksemd og innhald. Dei skal vere med å fastsetje barnehagen sin årsplan.

Samarbeidsutvalet skal ha 6 medlem. 2 representerer foreldra, 2 frå dei tilsette og 2 frå eigar. Styrar er SU sin møteleiar og skrivar og har fullmakt til å stemme på vegne av eigar når ikkje eigar møter sjølv. Representantar for foreldra og dei tilsette vert vald for to år om gongen.

§ 4 FORELDRERÅD

Barnehagen skal ha eit eige foreldreråd (jf. Barnehagelova §4) Foreldrerådet består av alle foreldre til barna i barnehagen. Foreldre vel ein representant frå kvar gruppe som blir ein del av Foreldreutvalet (FU). FU består av 5 representantar. Av desse fem blir 1 valt som leiar og 1 som nestleiar. Desse 2 blir Foreldrerådet sine representantar til SU.

 § 5 OPPTAK

Styrar føretek opptak av barn i barnehagen i samsvar med Barnehagelova sin § 16, regler for samordna opptak og barnehagen sine opptakskriteriar. Ein søkjer på Osterøy kommune si heimeside. Søknadsfrist for hovudopptak er 1.mars kvart år. Barnehagen tilbyr plassar utanom hovudopptaket ved ledig kapasitet. Barnehagen tilbyr 3, 4 eller 5 dagars plassar.

 § 5.1 Opptakskriterier

1. Barn med nedsett funksjonsevne, jf. Lov om barnehagar §18 og barn som det er fatta vedtak om etter Lov om barneverntenester § 4-12 og 4-4.

2.Barn av tilsette i Reppen barnehage AS.

3.Søsken av barn som har plass i barnehagen.

4.Søsken av barn som tidlegare har hatt plass i barnehagen.

5.Barnet sin alder. Den eldste søkjaren innanfor aktuelt årskull vil bli prioritert fyrst.

 § 6. FORELDREBETALING

Foreldrebetalinga er fastsett av eigar i samsvar med gjeldande lovar og reglar om makspris i barnehagar som blir vedtatt av Stortinget. Prisen blir regulert i tråd med den nasjonale prisreguleringa. Ein betalar også kostpengar, desse inkluderer frukost, lunsj, frukt/knekkebrød.

§ 6.1 Søskenmoderasjon
Det vert gjeve søskenmoderasjon jf. Stortinget sitt vedtak om nasjonal minimumssats for søskenmoderasjon. Frå 01.01.06 er søskenmoderasjon 30% for det 2. barnet og 50% for det 3. og 4. barnet som har barnehageplass. Reduksjon gjeld det barnet som har kortast opphaldstid. Dersom søsken går i ulike barnehagar (kommunal og privat) gjeld like reglar for søskenmoderasjon. 

§ 6.2 Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Ein har rett på redusert foreldrebetaling om barnehageplassen kostar meir enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga. Foreldre må søkje via barnehageopptakssystemet Vigilo som ein finn på Osterøy kommune si heimeside. https://www.osteroy.kommune.no/innhald/barnehage/prisar-og-betaling/ Det må søkjast på nytt kvart barnehageår og det må leggast ved oppdatert dokumentasjon om inntekt.

Foreldre kan søkje «redusert foreldrebetaling» og «gratis kjernetid», som gjeld barn 2-5år, om  familien har samla inntekt under ei viss inntektsgrense. Frå 1.august 2021 er inntektsgrensa for redusert foreldrebetaling kr. 583 650kr.

§ 6.3 Betalingsinformasjon           

Faktura blir sendt med e-post til den familien har oppgitt som fakturamottakar i Vigilo. Fakturadato er den 28. i kvar månad med 14.dagars betalingsfrist. 14 dagar etter betalingsfristen vil det bli sendt ut 1.purring med purregebyr og rentar etter gjeldande satsar. Blir ikkje 1.purring betalt innan fristen, vil det kome ei 2. purring/inkassovarsel med 14 dagars frist til å betale.

Ein betalar for 11 månadar, juli er betalingsfri. 3 veker ferie og planleggingsdagane utgjer den månaden som er betalingsfri.

§ 7 OPPSEIING AV PLASSEN OG ENDRA OPPHALDSTID

Når eit barn får tildelt plass i barnehagen beheld barnet plassen ut barnehageåretdet året dei startar på skulen eller til foreldre/føresette seier opp plassen.

Oppseiing av barnehageplassen skal gjerast i Vigilo-programmet. Oppseiinga må skje innan den 1. i kvar månad og oppseiingstida er ein månad rekna frå den 1. kvar månad. Ein må betale i heile oppseiingstida.

Ved ny plass: Dersom plassen vert sagt opp/tida vert redusert etter 15.mai må ein betala for heile august.

Om ein ønskjer å redusere eller auke opphaldstida til barnet må ein sende ein skriftleg søknad til styrar på e-post.

 

§ 8 OPNINGSTID, FERIE OG PLANLEGGINGSDAGAR

Barnehagen si opningstid er kl. 06.45-17.00, 10 timar og 15 min måndag til fredag.

Barnehagen held stengt alle offentlege høgtidsdagar samt julaftan og nyttårsaftan og er stengt 3 veker om sommaren samt 6 planleggingsdagar i året. Onsdag før skjærtorsdag stengjer barnehagen kl.12.00. Informasjon om dagane finn ein på Kidplan og i årsplanen.

Barna skal ha tre veker ferie og dei skal vere samanhengande. Barnehagen er feriestengt 3 veker om sommaren.

For romjula og dagane før påske må ein melde frå til barnehagen om barnet kjem eller tar fri/ferie. Barnehagen sender ut e-post og melding på Kidplan tre veker før dei aktuelle datoane, med ein frist på ei veke for å melde tilbake om barnet kjem i barnehagen eller ikkje. Dersom det ikkje er påmeldt fleire enn 8 barn vil barnehagen halde stengt. Påmeldinga er bindande. Ein vil få beskjed ei veke før dersom barnehagen heldt stengt.

§ 9 HENTING AV BARN

Barnehagen stenger klokken 17.00 og barn og føresette skal vere ute av barnehagen til klokka 17.00. Om ein kjem for seint og hentar vil ein fyrste gongen få ei munnleg åtvaring, andre gongen ei skriftleg åtvaring og tredje gongen vil ein bli pålagt eit gebyr på 500kr for å kompensere for overtidsbetalinga til dei tilsette.

§ 10 DUGNAD

Ved å takke ja til barnehageplass i Reppen barnehage har ein også sagt ja til å bidra med 2 timar dugnad i barnehagen kvart år. Det blir arrangert felles dugnad 1-2 gonger i året. Om ein ikkje kan møte på desse, må ein bidra med dugnad på andre måtar i løpet av barnehageåret. Styrar vil ta kontakt for eventuelle oppdrag.     

§ 11 LEIKE- OG OPPHALDSAREAL

Med leike- og opphaldsareal meiner ein arealet som reelt er tilgjengeleg for barnehagen sine aktivitetar og som er godkjent av Miljøretta helsevern.  Leike- og opphaldsarealet er 4 m² pr barn over 3 år og 5,33 m² pr barn under 3 år. Utearealet i barnehagen bør vere om lag 6 gonger leike- og opphaldsarealet inne.

§ 12 INTERNKONTROLL

Internkontrollsystem er eigar sitt ansvar og skal ivaretakast ved jamleg kontroll. Barnehagen har eit internkontrollsystem som sikrar at helse, miljø og tryggleik blir ivareteken.

§ 13 FORSIKRING

Barna er forsikra av barnehagen gjennom ei kollektiv ulykkesforsikring, denne gjeld i barnehagen si opphaldstid og på direkte veg til og frå barnehagen.

§ 14 VEDTEKTSENDRING

Endring av vedtekter kan gjerast av eigar.

01.08.22

Reppen barnehage AS