Kva legg me i visjonen vår? Kva betyr den for oss?
Trygge barn handlar for oss om barn som blir møtt av omsorgsfulle, anerkjennande, tydelege og forutsigbare vaksne. Barn som blir sett og høyrd og møtt med respekt. Barn som tør vise følelsar og som kan regulera følelsane sine. Barn som blir gitt utfordringar etter behov og modning og som opplever meistring. Leikande barn som opplever vennskap og glede og som trivs i barnehagen. Barn som opplever at føresette og barnehagen jobbar for å gjere det beste for barnet.
Glade barn handlar for oss om barn som har det gøy i barnehagen, som smilar, ler og tullar. Barn som fortel historier og vitsar. Glade barn er barn i leik saman med venner. Barn som opplever pedagogiske tilrettelagte aktivitetar som utfordrar dei og gjer ei meistringsfølelse. Barn som får bruke kreativiteten og skapargleda si. Glade barn er barn som opplever vaksne som er med i leiken, som er med på tull og tøys og som anerkjenner barnekulturen. Glade barn er barn som har foreldre som er positivt innstilt til barnehagen og omtaler barnehagen positiv for barna og andre. Glade barn er barn som får bekrefting på at dei er gode.
Leik og læring handlar for oss om at mykje verdifull læring skjer i frileiken. I leiken utviklar barna den sosiale kompetansen. Dei gjer seg erfaringar med samspel og kommunikasjon, dei viser empatiske evner og turtaking. Dei lærer å hevde seg sjølv på ein positivmåte og byggje sjølvtillit. Barnehagen skal synleggjere for føresette kor viktig leiken er for den sosiale utviklinga og føresette i barnehagen må verdsetje leiken som del av utviklinga og førebuing til vaksenlivet. Leiken kan vere ein kanal for å få ut frustrasjon og bekymringar. Leik er mykje meir enn det ein med fyrste augekast tenkjer det er. Leik er ikkje «berre» leik.