Reppen er ein privat barnehage og bygget sto ferdig i desember 2007. Mallika Håland er eier av barnehagen. Reppen ligg i Eidefeltet på Valestrand i Osterøy kommune.Me ligg flott til med oversikt over heile Valestrand og nært til skogen og naturen. Det er det mange gode turmogleheiter i nærområdet.
Barnehagen er delt inn i to baser. Jungelen som er for dei yngste og Sumpen som er for dei eldste. Me har store, opne basar med mange rom. Det er og ein stor felles sal, Elefantsalen, der det er gode moglegheiter for motorisk leik. Her kan me og samle alle barna til felles arrangement.
Basane er igjen delt inn i gruppar. På Jungelen finn ein apekattar og papegøyar, på Sumpen finn ein krokodiller, tigrar og elefantar. Så her er eit rikt og variert barnehageliv:-)
Me har og ein nyoppgradert uteleikeplass med mange kjekke og utfordrande leikeapparat. Nedanfor barnehagen har me ein naturleikeplass med grillhytte.