Reppen Barnehage AS
Trygge, glade barn - leik og læring, hand i hand.
Tlf. 56 39 04 28
VEDTEKTER FOR REPPEN BARNEHAGE AS

 


 § 1 EIGAR


Reppen barnehage AS er ein privateigd barnehage for barn i alderen 0-6år. Eigar av barnehagen er Mallika Håland. Adresse: Pb 33, 5291 Valestrandsfossen. Reppen barnehage AS er registrert i Føretaksregistret med organisasjonsnummer 912115666. Når ein takkar ja til barnehageplass i Reppen barnehage AS har ein også godkjent barnehagen sine vedtekter.


§ 2 FORMÅL


Barnehagen blir driven i samsvar med dei til ein kvar tid gjeldane lovar, forskrifter, årsplan og barnehagen sine vedtekter.


Barnehagen er ei pedagogisk tilrettelagt verksemd som skal sikre barn under opplæringspliktig alder gode høve til utvikling og aktivitet i nær forståing og samarbeid med heimen til barna.

 

§ 3 SAMARBEIDSUTVAL (SU)


Barnehagen skal ha eit samarbeidsutval. Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgivande og kontaktskapande organ (jfr. Barnehageloven §4)


Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i saker som er viktig for barnehagen si verksemd og innhald. Dei skal vere med å fastsetje barnehagen sin årsplan.


Samarbeidsutvalet skal ha 6 medlem. 2 medlem representerer foreldra, 2 medlem frå dei tilsette og 2 medlem frå eigar. Styrar er SU sin møteleiar og skrivar og har fullmakt til å stemme på vegne av eigar, når ikkje eigar møter sjølv. Representantar for foreldra og dei tilsette vert vald for to år om gongen.


§ 4 FORELDRERÅD


Barnehagen skal ha eit eige foreldreråd (jfr. Barnehageloven §4) Foreldrerådet består av foreldre til alle barna i barnehagen. Foreldre vel to representantar til SU.


§ 5 OPPTAK


Styrar føretek opptak av barn i barnehagen i samsvar med Barnehageloven sin § 12 og regler for samordna opptak. Søknadsfrist for hovudopptak er 1.mars kvart år. Barnehagen tilbyr plassar utanom hovudopptaket ved ledig kapasitet. Opptakskretsen er Osterøy kommune. Barnehagen tilbyr 3, 4 eller 5 dagars plassar.


Når ein har takka ja til plass i Reppen barnehage AS ved hovudopptaket, kjøper ein plassen frå og med 1.august sjølv om oppstartsdatoen kan bli ein annan. Dersom oppstart vert tildelt etter 20.august, og dette ikkje er av eiga ønskje, kan betaling for august halverast.


§ 5.1 Opptakskriterier


1.Barn med nedsett funksjonsevne og barn som er fatta vedtak om etter lov om barneverntenester (jfr. Barnehageloven §13.)


2.Barn av tilsette i Reppen barnehage AS.


3.Søsken av barn som har plass.


4.Barnehagen skal sørgje for ei hensiktsmessig alderssamansetning og sikre forsvarleg drift.


4.Barn med særlege vanskar/behov eller framandspråklege.


5.Barn av einslege forsørgjarar.


6.Barn frå heimar der begge føresette er i arbeid utanfor heimen.


7.Barn frå andre kommunar.


§ 6. FORELDREBETALING


Foreldrebetalinga er fastsett av eigar i samsvar med gjeldande lovar og reglar om makspris i barnehagar som blir vedtatt av Stortinget. Ein betalar også kostpengar, desse inkluderer frukost, lunsj (brødmat eller varmmat), frukt/knekkebrød.


Plass:

Pris:

Kostpris:

Total sum:

5 dagar

2730

350,-

3080,-

4 dagar

2465,-

300,-

2765,-

3 dagar

2165,-

250,-

2415,-


 


 


 


§ 6.1 Moderasjonsordningar
Det vert gjeve søskenmoderasjon jfr. Stortinget sitt vedtak om nasjonal minimumssats for søskenmoderasjon. Frå 01.01.06 er søskenmoderasjon 30% for det 2. barnet og 50% for det 3. og 4. barnet som har barnehageplass. Reduksjon gjeld det barnet som har kortast opphaldstid. Dersom søsken går i ulike barnehagar (kommunal og privat) gjeld like reglar for søskenmoderasjon. 


Hushaldningar med låg betalingsevne kan søkje om reduksjon i foreldrebetaling. Sjå Osterøy kommune sine heimesider for søknadsskjema.


§ 6.2 Betalingsinformasjon           


Betalingsfrist er den 12. kvar månad. Ein betalar for 11 månadar, juli er betalingsfri. 3 veker ferie og 5 planleggingsdagar utgjer den månaden som er betalingsfri. Faktura blir levert ut i posthyllene i barnehagen. 14 dagar etter betalingsfristen vil det bli sendt ut 1.purring med purregebyr og rentar etter gjeldande satsar. Blir ikkje 1.purring betalt innan fristen, vil det kome ei 2. purring/inkassovarsel med 14 dagars frist til å betale. Barnehagen vil då også sende skrifteleg varsel om at ein mister plassen dersom inkassovarselet ikkje blir betalt innan fristen.


§ 7 OPPSEIING AV PLASSEN / ENDRA OPPHALDSTID


Når eit barn får tildelt plass i barnehagen beheld barnet plassen ut barnehageåret det året dei startar på skulen eller til foreldre/føresette seier opp plassen.


a)       Oppseiing av barnehageplassen skal gjerast skriftleg til styrar i barnehagen.


b)      Oppseiingstida er ein månad rekna frå den 1. kvar månad. (dvs ut oppseiingsdatoen sin månad, pluss ein månad) Ein må betale i  heile oppseiingstida. Etter 1. april er oppseiingsfristen tre månadar.


c)       Ved ny plass: Dersom plassen vert sagt opp/tida vert redusert etter 15. juni  må det i august betalast for avtalt tid.


d)      Om ein ønskjer å redusere eller auke opphaldstida til barnet må ein sende ein skriftleg søknad til styrar.


 

§ 8 OPNINGSTID


Barnehagen si opningstid er kl. 06.45-17.00, 10 timar og 15 min kvar dag.


Barnehageåret startar 1.august og varar fram til 31.juli.


Barnehagen heldt stengt dagane før påske og i romjula, dersom det ikkje er påmeldt fleire enn 8 barn. Påmeldingslappar blir levert ut to veker før høgtidene og skal returnerast ei veke før dei aktuelle datoane. Påmeldinga er bindande. Ein vil få beskjed ei veke før dersom barnehagen heldt stengt. Onsdag før skjærtorsdag stengjer barnehagen kl.12.00. Barnehagen held stengt alle offentlege høgtidsdagar samt julaftan og nyttårsaftan og er stengt 3 veker om sumaren samt fem planleggingsdagar i året. Informasjon om dagane finn ein i årsplanen og på reppenbarnehage.no.


§ 9 HENTING AV BARN


Når eit barn blir henta etter barnehagen si opningstid vil ein fyrste gong få ei skriftleg åtvaring. Andre gongen ein hentar for seint vil ein få eit gebyr på kr 500,-. Gjentakande for sein henting kan sjåast på som vesentleg misleghald å føre til at barnehageplassen vert sagt opp med augeblikkeleg verknad.


§ 10 DUGNAD


Ved å takke ja til barnehageplass i Reppen barnehage har ein også sagt ja til å bidra med 2 timar dugnad i barnehagen kvart år. Det er felles dugnad om hausten. Om ein ikkje kan møte på denne, kan ein måtte bidra med dugnad seinare i barnehageåret. Styrar vil ta kontakt for eventuelle oppdrag.      


§ 11 LEIKE- OG OPPHALDSAREAL


Arealnormen er 4 m² pr barn over 3 år og 5,33 m² pr barn under 3 år.


§ 12 INTERNKONTROLL


Internkontrollsystem er eigar sitt ansvar og skal ivaretakast ved jamleg kontroll. Barnehagen fylgjer sitt eige internkontrollsystem.


 § 13 FORSIKRING


Barna er forsikra av barnehagen gjennom ei kollektiv ulykkesforsikring, denne gjeld i barnehagen si opphaldstid og på direkte veg til og frå barnehagen.


 § 14 VEDTEKTSENDRING


Endring av vedtekter kan gjerast av eigar.


 


01.01.17


Reppen barnehage AS