Reppen Barnehage AS
Trygge, glade barn - leik og læring, hand i hand.
Tlf. 56 39 04 28

Sumpen er ein base med barn i alderen 3 - 6 år.

Me deler barna inn i tre grupper; Krokodille 3-4 år, Tiger 4-5 år og Elefant 5-6 år. 

På Sumpen har me mange flotte rom, som er innreia slik at dei innbyr til leik og kreativ utfalding. Byggerommet har klossar, jovo, og duplo som utfordrar barna til konstruksjonsleik. På leikerommet har me dukker og dukkekle, utkledningskle, kjøkkenreolar og kjøkkenutstyr. Her er det rom for rolleleik av ulik art. På dette rommet har me og bilar og dyr. Me har og eit rom me kallar Stjernerommet. Dette rommet skal barna bruke til å høyre lydbøker, lese bøker eller utfalde seg med skodespel. Det skal vere eit rom barna kan finne ro og samstundes få stimulert sansane sine. Formingsrommet har ulike formingsting som ein kan bruke til å utfalde seg kreativit og i leik med materiale. Fellesrommet er stort og lyst, der barna kan halde på med aktivitetar som teikning, puslespel, brettspel, data og lego. Me har ein skyvedør i fellesrommet og bak denne døra er Frukostrommet. Det er her me samlas til frukost kvar morgon. Elefantsalen er eit stort rom, der me har madrassar og puter. Her kan barna springe, hoppe, bygge med puter, og få utfordre seg sjølv i herleg grovmotorisk leik.

Kvardagen på Sumpen.

 
06.45 - Barnehagen opnar.
 
07.15-08.30 - Frukost. Ved frukostbordet sit det alltid ein vaksen i lag med barna medan dei et frukost.
 
07.15-09.30 - Frileik inne. 

09.00 - Dei barna som har utegruppe eller som skal vere på uterommet, går i garderoben og kler på seg ca 09.00. 
 
Ca 09.30 - Morgonsamling/Gruppdeling Ca 09.30 samlar me alle barna til morgonsmaling i garderoben. Me har då ei lita samling før me deler barna inn i grupper. I gruppedelinga fordeler me barn og vaksne på dei ulike romma og har formingsaktivitetar, arbeidar med tema og liknande. Me har og samlingsstund i gruppene. Me har ei utegruppe to dagar i veka. På naturleikeplassen nedanfor leikeplassen har me ei flott grillhytte som er basen for utegruppa.
 
 
Ca.11.00 - 11.45 Lunsj. Det er smøremåltid kvar dag i barnehagen. Nokre gongar i månaden har me varmmat. Barna får lov til å vera med på å forberede både varm og kald mat. 
 
12.00 - 14.00 - Etter lunsj er det tid for uteleik. Me har stort uteområde å boltre oss på. Ute har me sklie, sandkasser, syklar, disser, buss, klatrestativ, båt og vippedisse. Me kan også gå ned på naturleikeplassen som ligg rett nedanfor barnehagen, der kan barna klatre i tre, skli, ake om vinteren og skape rolleleik i naturen.
 
14.00 - 14.30 - Frukt. Barna får utdelt oppskåren frukt. Barna får også tilbud om skjeve eller knekkebrød etter frukt. 

14.30 - 17.00 - Frileik ute eller inne.  Om me blir verande ute eller om me går inn etter frukt, avheng av vêr og årstid, ved fint vêr er me ute til barnehagen stengjer kl. 17.00. 


På Sumpen finn du desse vaksne barnehageåret 2018-2019:

Baseleiar - Caroline Knutsen

Pedagogisk leiar - Kikki Bolstad

                                                                                                             Pedagogisk leiar - Sara Engåvoll  

      Pedagog - Janne D. Tveit

Fagarbeidar - Anita Utvær

Fagarbeidar - Sharmila Hustrulid

Fagarbeidar -Amalie Bolset

Fagarbeidar - Izabela Kuzniewska

Pedagogisk medarbeidar - Ingunn Gjerstad

Pedaogisk medarbeidar - Berit H. Fossbakken