Reppen Barnehage AS
Trygge, glade barn - leik og læring, hand i hand.
Tlf. 56 39 04 28

REPPEN BARNEHAGE TLF: 56 39 04 28

Styrar i Reppen barnehage er Sylvelin Bernes

 

OPNINGSTIDER

 
Barnehagen heldt opent måndag til fredag frå 06.45 – 17.00. 
Det er stengt alle bevegelege helligedagar, julafta og nyttårsafta. 
Om sommaren er det stengt tre veker, veke 28, 29 og 30 i 2019. 
Me har 5 planleggingsdagar i året, der barnehagen også held stengt.

 

BETALING AV BARNEHAGEPLASS

 

Kontonummer: 3626 50 63815

Barnehageplassen skal betalast innan den 12. kvar månad.

3 dagars plass: 2275,-

4 dagars plass: 2610,-

5 dagars plass: 2910,-

 

Me gjev søskenmoderasjon på 30% på andre barn og 50% på tredje.

Juli månad er betalingsfri.
 

MATPENGAR

 

3 dagars plass: 250,-

4 dagars plass: 300,-

5 dagars plass: 350,-

 

Matpengane kjem på same rekning som barnehagebetalinga.

PLANLEGGINGSDAGAR 2018-2019

06.08.18 - Planleggingsdag
07.08.18 - Planleggingsdag
09.11.18 - Planleggingsdag
02.01.19 - Planleggingsdag
01.02.19 - Planleggingsdag
 
Feriestengt 2019 veke 28-29-30. Fyrste dag etter ferien er måndag 29. juli 2019

 

FORELDREMØTE

05.09.18 Foreldremøte
18.09.17 SU-møte
 
FORELDREKONTO
Pengane på foreldrekontoen blir brukt til turar, innkjøp av felles solkrem o.l. Dei tilsette søkjer til foreldrerepresentantane når ein ønskjer midler frå kontoen.  
kr. 150,- pr. familie. Kontonummer: 3632 56 51622

 

 
 
HUGSELISTE FOR FORELDRE/FØRESETTE 
 

ü Merk alle klede, matboksar o.l.

ü Gjev beskjed til barnehagen når barnet er sjuk eller skal ha fri. Helst innan kl 09.30.

ü Rydd plassen til barnet i tørr- og våtgarderoben.

ü Sjekk regnklede/dress og sko/støvlar. Ta støvlar ut av regnbuksa/dressen.

ü Viss regnkleda er veldig våte, ta dei med heim.

ü Sjekk bytekleda til barnet. Det må vera minst eit skift i kurven dvs. sokkar, strømpebukse, bukse, truse og genser.

ü Ha varme klede i barnehagen(fleece eller ull).

ü Før barnet går heim skal det rydde like mange leikar som det er år.