Reppen Barnehage AS
Trygge, glade barn - leik og læring, hand i hand.
Tlf. 56 39 04 28

Jungelen er ein småbarnsbase med barn i alderen 1-3 år.

Barna på Jungelen er delt inn i Apekattar, 0-2 åringar og Papegøyar, 2-3 årngar. På Jungelen har me tre ulike gruppar. Fuglehuset, Apejungelen og Tåkeskogen. Fuglehuset er dei yngste barna, apekattane. Det er to gruppar med papegøyar, Tåkeskogen og Apejunglen. Det er faste vaksne som fylgjer desse gruppene gjennom dagen. Me leikar og har ulike aktivitetar både i gruppene våre og på tvers av gruppene

Me har ein fast turdag kvar veke som blir nytta til å gå på tur i nærområdet til barnehagen. Me besøker mellom anna leikeplassen på Eide, Solbakken og Gapahuken. For dei aller yngste – Apekattar, kan det vere nok å gå på tur i eigen barnehage og på naturleikeplassen.

Romma våre på basen er innreia slik at dei skal innby til leik og kreativ utfalding, her er det både store golvflater og små krokar. Gruppene har kvart sitt rom som dei et på, elles brukar alle romma til leik og gruppedeling.

I fellesrommet er det kjøkkenkrok, puslespel, bilar, utkledningskle, dyr, m.m.

Kvardagen på Jungelen:

Me startar dagen med frukost i Fuglehuset 1A. Når ein er ferdig med frukosten går ein ut i fellesrommet og leikar. Etter kvart som det kjem fleire vaksne og barn tek me i bruk meir av basen. Me begynner å dele oss i grupper i 8:3o tida, og avsluttar gruppetida med bleieskift og ei god samlingsstund før me et lunsj kl 11. Dei som ikkje skal sova er inne og leikar eller går ut etter maten. Ute har me tre leikeplassar: Sumpen, Jungelen og Naturleikeplassen. Barna har god boltreplass og her er det syklar, disser, leikehus, rutsjebane, sykkelvegar, båtar og sandkassar. Me et fruktmåltid kl 14.00 inne eller ute alt etter kva ver og årstid ein har, og fram til barnehagen stenger kl 17 har me frileik.

Jungelen finn du desse vaksne barnehageåret 2018-2019:

Line Arnesen - Baseleiar 
Veronika Håland - Pedagogisk leiar
Hildegunn Medgard- Pedagogisk leiar
Monica Bakken-Fagarbeidar
Solfrid Mæhle - Pedagogisk medarbeidar
Elin Bognøy - Pedagogisk medarbeidar
Lenka Koldova-Pedagogisk medarbeidar
Catrine Solberg - Pedagogisk medarbeidar
 


 
 

 
 
 
 
 
 

SONGAR PÅ JUNGELEN

SKAL VI VÆRE VENNER? 
 
Skal vi være venner? Kan vi leke sammen du og jeg?
Det å gå alene, det er så kjedelig synes jeg.
Vi kan være venner. Vi kan leke sammen du og jeg.
Kom og rekk meg hånden, så går vi sammen på vår vei. 

Refr.: Å være venner, å holde hender er sånn at du kjenner - det gjør godt.